Alle i Agder kan få gratis energirådgjeving
Agder fylkeskommune har fornya avtale om den såkalla Energiportalen, ei digital teneste med gratis energirådgjeving til alle husstandar i Agder.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.04.2024 13:39
Sist endra 25.04.2024 13:39

Det er altså ei gratisteneste for både kommunar og innbyggjarar, finansiert av fylkeskommunen, som skal hjelpe folk å gjere bustader meir miljøvenlege og mindre kraftkrevjande. På Energiportalen kan ein inn og finne sin eigen bustad, og få analysert status og eventuelle behov eller råd om tiltak.
Skal bevisstgjere
Målet med tenesta er å bevisstgjere folk om kva det er å hente både i miljøgevinst men også i gevinst i kroner og øre om ein kan få ned straumforbruket. Portalen gjev konkrete tips til kva ein kan gjere, alt frå å skifte ut vindauge til å etterisolere. Energiportalen er ikkje ei salsside, men nytt av året er det at ein finn ei liste med lokale handtverkarar som kan bidra med tanke på å få tiltaka utført.
HER er Energiportalen for Bykle