Aktiv på dagtid i Bykle!

Frivilligsentralen i Bykle kommune vidareutviklar stadig Aktiv i Bykle. Opplegget skal vere eit lågterskeltilbod.

Aktiv i Bykle har seniortrim i Bykle samfunnshus torsdagar 11-12. - Klikk for stort bileteAktiv i Bykle har seniortrim i Bykle samfunnshus torsdagar 11-12. Ole Birger Lien

Det vil seie at tanken er at alle kan vere med, same kva form ein er i. Tysdagar klokka 10-11 handlar det om yoga for alle i Hovden grendehus. Onsdagar 11-12.30 er det turgruppe med oppmøteplass ved grendehuset på Hovden, og torsdagar 11-12 er det seniortrim i Bykle samfunnshus.

Meir informasjon om opplegget finn ein på heimesida til frivilligsentralen, HER