Agder fylkeskommune vitja Bykle kommune

Det vart ein gjennomgang av både det som går bra og det ein må jobbe endå meir med då Agder fylkeskommune vitja Bykle kommune sist torsdag.

Agder fylkeskommune på vitjing i Bykle torsdag. Frå venstre: Karina Sloth, kommunedirektør i Bykle, Hans Blattmann, ordførar i Bykle, Merete Hjemdahl, varaordførar i Bykle, Ann Rognlid Ebeltoft, økonomisjef i Bykle, Arne Thomassen, fylkesordførar i Agder, Rune André Sørtveit, Agder fylkeskommune, Anita Henriksen, Agder fylkeskommune og Signe Sollien Haugå, plansjef i Bykle kommune. - Klikk for stort bileteAgder fylkeskommune på vitjing i Bykle torsdag. Frå venstre: Karina Sloth, kommunedirektør i Bykle, Hans Blattmann, ordførar i Bykle, Merete Hjemdahl, varaordførar i Bykle, Ann Rognlid Ebeltoft, økonomisjef i Bykle, Arne Thomassen, fylkesordførar i Agder, Rune André Sørtveit, Agder fylkeskommune, Anita Henriksen, Agder fylkeskommune og Signe Sollien Haugå, plansjef i Bykle kommune.

Med fylkesordførar Arne Thomassen og fylkesvaraordførar Jorunn Gleditch Lossius i spissen trefte delegasjonen både politisk og administrativt nivå i Bykle.  Høveleg ei vitjing i kraftkommunen Bykle slo Arne Thomassen fast at ein av dei mest solide steinane i grunnmuren i Agder er det mange kallar verdas beste kraftproduksjon.

– Så er det vekst i Agder, men ein må arbeide vidare for folketalsauke. I Agder har me 8000 born i familiar med vedvarande låg inntekt. Det utgjer 13%. Landsgjennomsnittet er 11%, så her har me ein jobb å gjere, sa han.

God sysselsettingsgrad

Sysselsettingsgraden i Bykle er så god at det det har resultert i topplasseringar i nasjonale undersøkingar. Thomassen peika på at det også med tanke på folketal har vore ei positiv utvikling øvst i dalen.

– Det er likevel utfordringar i Agder knytta til levekår og klima, og me arbeider dagstøtt med desse sakene, sa han.

Fylkesordføraren peika også på grundige arealrekneskap og solid digital infrastruktur som plussider i Agder. Han slo eit slag for å styrke tannklinikkane, og streka under at område som desentralisert utdanning må satsast vidare på.

– Det regionale samarbeidet om riksveg 9, med fylkeskommunen som medaktør, viser kva me kan få til når me arbeider saman, sa fylkesordførar Arne Thomassen.