150 møtte opp for å høyre psykologen med sovepose

Mange ville ha med seg kvelden med “Psykolog med sovepose”, og Johanne Refseth leverte på Hovdestøylen! Kvelden var del av “folkehelsemøte i Bykle del 3”, etter liknande krafttak i fjor.

Johanne Refseth i sving på Hovdestøylen. - Klikk for stort bileteJohanne Refseth i sving på Hovdestøylen. Martine Vik

Denne gonga hadde både Bykle frivilligsentral og Hovdestøylen blitt kobla på det gode arbeidet kommuneoverlege Kjetil Juva og skulefagleg ansvarleg Kjetil Vik starta opp og gjennomførte i fjor. Sist veke var det altså runde tre det handla om. 

Styrke helsa

Refseth tok for seg naturen og korleis naturopplevingar kan styrke den psykiske helsa vår. Ho er aktuell med boka “Tøffare enn du trur”, og har blitt ein svært populære foredragshaldar. Psykologen brukte historiar frå sitt eige liv, og fortalde om ei reise frå eit urbant kafé-liv til eit liv der natur og friluftsliv har fått stadig meir plass.

Ikkje medisin, men påfyll

Refseth streka under at natur og naturopplevingar i seg sjølv på ingen måte er erstatning for helsehjelp viss det trengst - men at naturen kan vere ein fin stad for påfyll og som positiv faktor i kvardagen. Eit 150-tals menneske fekk også med seg ein powerpoint metta av flotte naturbilete under arrangementet.

Kring 150 menneske fekk med seg foredraget med Johanne Refseth. - Klikk for stort bileteKring 150 menneske fekk med seg foredraget med Johanne Refseth. Martine Vik