1400 innom Viking & Villrein på Hovden!

Med Bjørg-Sissel Tveiten på lur og Agder Vikinglag med vikingtog som start på dagen var heile 1400 menneske innom Viking & Villrein på Hovden sist helg.

I alt 1400 menneske var innom Viking & Villrein på Hovden.  - Klikk for stort bileteI alt 1400 menneske var innom Viking & Villrein på Hovden. Destinasjon Hovden

Til vikingtoget spelte Kjell Braaten bukkehorn, så stemninga vart kjapt sett kring 1000 år tilbake i tid! Så gjekk i grunnen dagen slag i slag med eine høgdepunktet etter det andre.

Stykka opp reinsdyr

Eitt av høgdepunkta var nok då Per Øyvind Asbjørnsen og Truls Pedersen stykka opp eit reinsdyr på staden. Inger Lise Stulien, som gjorde så stor suksess med lefsene sine i fjor, fekk solid omsetning også i år. Framsyningane til Teater Fabel, sjongleringsgruppa Flaks og ikkje minst Kjell Braaten, fekk mange tilskodarar. Jernvinning var med på å skape god stemning, og i år var det til og med myrmalm som vart blestra, og som vikingane fekk i utfordring å prøve å smi. I tillegg spreidde Norsk Villreinsenter kunnskap om viltet.

Fullt opp i verkstaden

Brørne Stulien Robstad hadde mange folk i verkstaden sin med smiing og spel på munnharpe. Valle Vev kom med vev, sette på renning og vevde dei første innslaga. Også demonstrasjon av garnfarging vart det tid til, og Fjellgardane ung husflid skipa til kurs i brikkeveving.

Gilde

Kvelden vart avslutta på Hovdestøylen med gilde, rikeleg med mat og show med Kjell Braaten. Sjongleringsgruppa Flaks viste fram både eld- og neonljossjonglering, og alt saman vart runda av med ein fin konsert med Egil Olsen.

– Me er så glade for den enorme responsen både frå besøkande og utstillarar. Det er flott å sjå den store interessa for kulturen og tradisjonane våre. No ser me fram til å utvikle arrangementet vidare, seier Lina Dufva, prosjektleiar for Viking & Villrein ved Destinasjon Hovden.

Inger Lise Stulien fekk god omsetning på varene. - Klikk for stort bileteInger Lise Stulien fekk god omsetning på varene. Destinasjon Hovden Per Øyvind Asbjørnsen i gang med å stykke opp vilt. - Klikk for stort biletePer Øyvind Asbjørnsen i gang med å stykke opp vilt. Destinasjon Hovden