Språkkafé går føre seg her i Bykle samfunnshus eller i grendehuset på Hovden.
Ole Birger Lien
Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk. Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt - alt i regi av Bykle frivilligsentral, og med engasjerte deltakarar som byr på seg sjølv!
10 samlingar
I løpet av hausten er det altså 10 samlingar. Dei fordeler seg slik: 14.8, Hovden grendehus, 28.8, Bykle samfunnshus, 11.9, Hovden grendehus, 18.9, Hovden grendehus (engelsk), 25.9, Bykle samfunnshus, 9.10, Hovden grendehus, 23.10, Bykle samfunnshus, 6.11, Hovden grendehus, 13.11, Hovden grendehus (engelsk), 20.11, Bykle samfunnshus og 4.12, Hovden grendehus.
Datoen for joleavslutninga er ikkje klar enno.