1.-4. klassingar frå Bykle og Hovden på hovudlykttur til Jarekollen
Nyleg samla 1.- 4. klasse frå Bykle barne- og ungdomsskule og Fjellgardane skule seg til hovudlykttur til Jarekollen - i alt 34 store og små gnudde på oppetter liene.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.10.2025 12:07
Sist endra 10.10.2025 12:07
Ein frisk gjeng! Frå venstre: Severin Mosdøl, Tarjei Mosdøl, Edvin Kili Fjermeros, Victoria Nesland, Ailin Nesland, Nyamal Skog, Åsne Utistog, Hermine Skog Rennan, Sigurd Christensen, Emma Skog, Gabriel Birkeland, Marcelius Birkeland, Anne Hjelmeseth og Petra Marie G. Trydal.
Lill Kristin Kili
Formålet med turen var å ha sosial aktivitet saman med alt det gode slike tiltak fører med seg. Frå vassverket gjekk turen både opp og ned - litt regna det, men slett ikkje verre enn at alle koste seg. Foreldre og born på tvers av klassane fann kvarandre med frisk tur som utgangspunkt!
Åt 80 pylser!
Vel oppe måtte det ei mataukt til - og du verda som folk la i seg! 80 pylser gjekk det, og med hjelp av ein forelder som hadde ei ekstra pakke i sekken vart det nok til alle. Litt kjeks hjelpte også godt på, så ingen gjekk svoltne frå Jarekollen. Somme koste seg i dagsturhytta, ute var det fleire aktivitetar, det vart rett og slett ein flott tur der både born og vaksne trivdest.