Snørydding

Kriteriar for snørydding og strøing av kommunale vegar og areal:

  • Snørydding skal igongsettast ved 5cm våt snø og 10cm tørr snø.
  • Vegar skal vere rydda innan kl.06 på kvardagar, og kl.07 på laur-, søn- og heilagdagar.
  • P-plassar og øvrig areal skal vere rydda innan kl.08.
  • Fortau og gs-veg skal ha same standard som tilhøyrande køyreveg.
  • Spordjupne skal ikkje overstige 5 cm, og snø- og issåle skal ikkje overstige 10 cm.
  • Strøing av bilveg skal utførast når friksjonskoeffisienten blir over 0.20.

Strøing av fortau og gs-vegar skal utførast slik at gåande ikkje vel å gå i køyrebanen.

Strøing av p-plassar og anna areal skal utførast slik at dei er trygge å ferdast på for dei aktuelle trafikantgruppene.

Ansvarlege leverandørar for vintervedlikehald av kommunale vegar og areal:

Ansvarlege leverandørar for vintervedlikehald av kommunale vegar og areal
Areal Leverandør
Bjåvegen og Breivevegen: Hoslemo og Huso Maskin
Hovden og Midtregionen: Hovden Hytteservice AS
Bykle: Bygdeservice Bykle AS
Trydalsvegen og Moen: Åmund Nesland AS


Førespurnader om vintervedlikehald kan meldast inn på her.

Vinterstengde kommunale vegar:

  • Vegen mellom Tverrfjellgrenda hyttefelt og Ørnefjellvegen.
  • Vegen frå RV9 v/Byklestøylane til Stavenes.