Introduksjonsprogram for nytilkomne flyktningar
- Du er innvandrar og er mellom 18 og 55 år
- Du har fått opphaldsløyve
- Du er anten busett i ein kommune eller ventar på å bli busett.
Det finst forskjellige typar opphaldsløyve. Introduksjonsprogrammet er for deg som:
- Har opphaldsløyve som flyktning eller overføringsflyktning
- Har ein søknad om vern og dermed eit fornybart opphaldsløyve
- Har avgrensa opphaldsløyve grunna for eksempel ein familiesituasjon
- Har opphaldsløyve på grunn av vernebehov for ei heil gruppe
- Har opphaldsløyve fordi du er i familie med ein som har vore busett i mindre enn fem år
- Har fått fornybar opphaldsløyve på grunn av samlivsbrot og samlivet var prega av mishandling.
Anten rett før eller rett etter at du har blitt busett vil kommunen kartleggje kva du har av språkkunnskapar, utdanning, arbeidserfaring eller annan kompetanse som kan vere relevant.
Etter kartlegging av kompetanse, vil fylkeskommunen gi deg karrierevegleidning og sørgje for at introduksjonsprogrammet blir tilpassa deg og behova dine.
I samarbeid med deg vil kommunen lage ein plan som blant anna inneheld måla, lengda og yrkesplanane dine.
Samtidig skriv du ein kontrakt med kommunen. Kontrakten forpliktar deg til å følgje måla og programmet.
Når du startar programmet, vil kommunen saman med deg setje eit mål for kva du skal ha oppnått når programmet er slutt.
Dersom du har vidaregåande utdanning, vil sluttmålet vere overgang til lønna arbeid eller høgare utdanning.
Dersom du er under 25 år og ikkje har vidaregåande skule frå før, vil sluttmålet vere å fullføre vidaregåande skule.
Du kjem til å lære:
- Norsk
- Samfunnskunnskap
- Livsmeistring i eit nytt land
- Anna som er relevant for arbeid eller utdanning
- Foreldreveiledning dersom du har barn.
Du kan klage på vedtak om
- løyving eller avslag på deltaking
- introduksjonsstønaden
- vesentlege endringar i integreringsplanen
- at programmet blir stansa
- at programmet blir forlengt
- godkjenning av permisjon
- søknad om fritak.
Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.
Oppstart introduksjonsprogram 2025: Måndag 6.1
Vinterferie veke 8: 17.2-21.2
Påskeferie: 14.4-21.4
Fridagar/heilagdagar i mai:
30.5 (inneklemt dag)
Arbeidaranes dag: 1.5
Kristi Himmelfartsdag: 29.5
2. Pinsedag: 9.6
Siste undervisningsdag for vaksenopplæring før sommaren er onsdag 19.juni.
Frå 20.juni til og med fredag 12.juli skal deltakarar i introduksjonsprogrammet vere i språk- og arbeidspraksis måndag til fredag, 5 dagar i veka.
Sommarferie: Veke 28-30 - 7.7-27.7
Siste dag introduksjonsprogram 2025: 19.12
Joleferie: 21.desember-1.januar
Søknadsskjema for deltaking i introduksjonsprogram (PDF, 210 kB)
Søknadsskjema for forlenging av introduksjonsprogrammet (DOCX, 20 kB)
Kontakt
Leiar for flyktningtenesta Helene Nilsen
48890050 / helene.nilsen@bykle.kommune.no
Publisert 03.08.2023 19:11
Sist endra 14.03.2025 10:54