Helse- og omsorgstenestetilbod til flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinteLytt til tekstenStopp avspillingHelsetilbodet baserer seg spesielt på at nokre asylsøkjarar, flyktningar og gjenforeinte med familie kjem frå område der det er høg risiko for bestemde infeksjonssjukdomar eller dei treng spesiell merksemd på grunn av det dei har opplevt før dei kom til Noreg.Helsetenester som denne gruppa skal få på lik linje som alle andre er blant anna:fastlegehelsestasjonskulehelsetenestetannhelsetenesteundersøking av syn og høyrseloppfølging av gravidekosthaldsrettleiingpsykisk helsehjelp. Målgruppe Asylsøkjarar, flyktningar og gjenforeinte med familie. Kriterium/vilkår For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald. For personar over 18 år som har ulovleg opphald, gjev lova berre rett til akutt helsehjelp. Pris for tenesta Tenestene er gratis, med mindre det følgjer av lov eller forskrift at ein skal betale eit vederlag. Lover og forskrifter Dette er lovpålagde tenester. Sjå: Helse- og omsorgstjenestelova kap. 3 - Kommunenes ansvar for helse- og omsorgstjenester Pasient- og brukerrettighetslova § 2-1b Rett til nødvendig helsehjelp fra spesialisthelsetjenesten Lover Helse- og omsorgstjenesteloven Helsepersonelloven Pasient- og brukerrettighetsloven Forskrifter Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten Forskrift om sosiale tjenester, bopelsløse Rettleiing - korleis få utført Kommunen vil sjølv sørgje for at flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte får tilbod om helse- og omsorgstenester i primær- og spesialisthelsetenesta. Klagemulighet Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882. Publisert 20.02.2024 10:36 Sist endra 20.02.2024 10:36