Deling av eigedom

Ønskjer du å dele frå ei tomt eller opprette ein festegrunn for meir enn ti år, må du søkje kommunen om løyve.  Eit slikt løyve er trinn 1 i ein saksbehandlingsprosess der trinn 2 er å halde ei oppmålingsforretning der den nye eininga får eige gards- og bruksnummer (matrikkelnummer). Ved delinga må det ikkje kome til forhold som strir mot plan- og bygningslova eller vedtekter som er gjorde etter lova. Difor er krava til søknaden og saksbehandlinga i kommunen den same som for byggjesøknader. Skal du søkje om frådeling for ei ekstra bustadtomt i hagen, må kommunen ta stilling til om det er mogleg å byggje eit bustadhus av normal storleik og standard på den nye parsellen. 

Det er ikkje nødvendig med løyve for deling som skjer som ledd i eit jordskifte i tråd med ein rettsleg bindande plan.