Når du er ferdig

Når tiltaket er ferdig, må du søkje om ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Du må ha ein godkjent ferdigattest eller mellombels bruksløyve før du kan ta i bruk tiltaket. 

Krav til ferdigattest

Krav om obligatorisk ferdigattest vil ha betydning for kommunens oversikt over bebyggelsen i kommunen, som grunnlag for fullstendige kart og framtidige situasjonsplanar. Forbrukarane får større tryggleik for at bygninga er ferdigstilt i medhald til byggeløyvet og at alt er gjort i tråd med krava i  plan- og bygningslova.

Ein ferdigattest er ei markering av slutten på kommunens behandling av byggesøknaden og er eit bevis for at bygget er oppført i medhald av løyvet som er gjeve. 

Alle søknadspliktige tiltak skal i utgangspunktet avsluttast med ferdigattest.

Søknad om ferdigattest (PDF, 148 kB)

Når treng du ikkje ferdigattest?

  • Ved oppretting og endring av ny grunneigedom
  • Tiltak som er unnateke frå søknadsbehandling (NB! Sjølv om tiltaket ikkje er søknadspliktig må du melde til kommunen når bygget er ferdig) 

Melding og bygning eller tilbygg som er unnateke søknadsplikt

Mellombels bruksløyve

Eit mellombels bruksløyve gjev rett til å ta bygget i bruk, sjølv om ikkje alle vilkår i løyvet som er gjeve er oppfylt. Eksempel her kan vere der eigar sjølv skal sluttføre kjellar- eller loftsetasjen, eller kor opparbeiding av utearealer må utsettast til våren.

Lova inneheld derfor ei opning for at det kan gjevast mellombels bruksløyve, men kommunen skal i bruksløyvet stille krav om ferdigstilling ved at det skal kome fram kva for arbeid som står att og ein forpliktande frist for når det skal vere ferdig.

Søknad om mellombels bruksløyve.pdf (PDF, 60 kB) (PDF, 60 kB)

Gjennomføringsplan skal leggast ved søknad søkt med ansvarsrett:

Skjema for gjennomføringsplan