
Kva handlar planarbeidet om?
I arbeidet med ny arealdel skal kommunen:
• Følgje opp arealstrategiane frå samfunnsdelen av kommuneplanen
• Avklare viktige omsyn frå regionale og statlege styresmakter
• Gå grundig gjennom eksisterande arealresever til byggeføremål og reguleringsplanar
• Vurdere alle innspel som er komne inn om endra bruk av areal opp mot ulike temainteresser og omsyn, og moglege konsekvensar
Målet er å sikre ei heilskapleg forvaltning av areala i kommunen, slik at Bykle kan utvikle seg på ein berekraftig og langsiktig måte.
Politiske behandlingar og referat
Under finn du oversikt over viktige milepælar i prosessen:
Fastsett planprogram – 30.01.2025
• Saksprotokoll (PDF, 176 kB)
• Vedteke planprogram (PDF, 2 MB)
Fyrste vurdering av innspel (grovsiling) – 26.06.2025
• Saksprotokoll (PDF, 240 kB)
Vedtak om villreinutgreiing – 02.12.2025
• Saksprotokoll (PDF, 160 kB)
Lokalt villreinfagleg møte – 03.02.2026
• Møtereferat (PDF, 120 kB)
Framdrift – kor er vi no?
Planarbeidet er inne i ein aktiv fase. Dette skjer vidare:
• Februar–april 2026: Konsekvensutgreiing av ny eller endra arealbruk
• Januar–april 2026: Utarbeiding av planforslag med plankart, føresegner og planomtale
• Mai–juni 2026: Politisk behandling av planforslaget før høyring
• Hausten 2026: Endeleg politisk vedtak av planen
NB! Framdriftsplanen kan bli endra.
Gjeldande arealdel finn du i planregisteret
Kommuneplanen sin arealdel 2018-2030 arealplaner.no