Kommuneplan og reguleringsplanar

Ny samfunnsdel til kommuneplanen er under arbeid

På denne sida finn du informasjon om gjeldande reguleringsplan og kommuneplan. 

Reguleringsplanar: 
Her kan du finne gjeldande reguleringsplanar med plankart, føresegner og planbeskrivelse:  Arealplaner. og Kommunekart.

Overordna planar: 
Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen liggjer under relaterte artikler. Arealdelen med føresegn og plankart ligg i Arealplaner.

Kommunedelplan:
Kommunen har utarbeidd kommunedelplanar for delar av kommunen, og for ulike tema. Desse finn du på Arealplaner.

Verneområde

Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde legg beslag på 58% av kommunen.  Verneforskrift og kart finn du på SVR.  Skal det gjennomførast tiltak innafor SVR som krev dispensasjon frå verneforskrifta må du søkje i god tid, då søknaden skal handsamast både etter verneforskrifta i eit interkommunalt organ og i kommunen.  For Hisdal naturreservat, Lislevatn naturreservat, Hovden Landskapsvernområde og Vidmyr naturreservat, er det Fylkesmannen i Aust-Agder som har forvaltningsmynde.

Regionalplan
Bykle har over 70% av arealet sitt innafor Regionalplan for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei - "Heiplanen" Planen avklarar veillreinens interesser i høve til anna arealbruk. For meir info sjå denne lenka.

Kontakt oss om du ynskjer meir informasjon om oppstart av private reguleringsplanar, informasjon om sakshandsamingsprosessen eller vedtekne planar.