Sal, skjenking og serveringsløyver
Dersom ein skal etablere verksemd med servering av mat, selge eller skjenke alkohol, er det obligatoriske kunnskapsprøver ein må bestå, før ein søkjer om løyve.
Den som kan få sals- eller skjenkeløyve må oppfylle følgjande krav:
- Føretaket skal vere registrert i Brønnøysundregistra.
- Uklandereg vandel i følgje politi, skatte- og avgiftsmynda gjeld for løyvehavar, eigar og andre personar med vesentleg innverknad på drifta.
- Styrar og vikar for styrar skal ha uklanderleg vandel.
- Styrar og vikar for styrar skal ha avlagt kunnskapsprøve etter alkohollova.
- Serveringsløyve er grunnlag for å få tildelt skjenkeløyve.
Søknaden
- Søknaden må leverast på eige skjema.
- Driftskonsept, alkohollova og alokoholpolitiske retningsliner for Bykle kommune vert lagt til grunn for vurderinga.
- Søknaden vert sendt politiet og skatte- og avgiftsmyndighetene for uttale.
Desse vedlegga skal følgje søknaden:
- Firmaattest for alle selskap som er involverte i drifta av skjenkestaden
- Skatteattest for søkjar, eigar og andre med vesentleg innverknad over verksemda.
- Målsett teikning over skjenkearealet, ute og inne. Barar skal vere markert på teikninga.
- Dokumentasjon på at styrar og vikar for styrar er tilsette i verksemda.
- Dokumentasjon på styrar og vikar for styrar sin kunnskap om alkohollova.
Løyveperiode
Skjenkeløyvet gjeld for 4 år, ein kommunestyreperiode, om ikkje anna vedtak er gjort gjeldande.
Salsløyve for alkohol
Serverings- og/eller skjenkeløyve
Skjenkeløyve - einskild høve / ambulerande
Den som vil drive serveringsstad må ha serveringsløyve gjeve av kommunen. lova gjeld etablering og drift av alle serveringsstader der det foregår servering av mat og/eller drikke og der tilhøva ligg til rette for å nyte dette på staden. løyve gjevast til den som er økonomisk ansvarleg i verksemda. Den gjeld for den serveringsstaden som er nemt i løyve.
Serveringsstaden skal ha ein dagleg leiar som har det reelle ansvar for den daglege drifta av serveringsstaden. Dagleg leiar må vere myndig.
Styrar må ha kunnskap om økonomistyring og lovgivning av betydning for drift av serveringsstader, herunder serveringslova, skatte- og avgiftslovgivninga, rekneskapslovgivninga, konkurslovgivninga, arbeidsmiljølovgivninga og alkohollova.
Serveringsstadens daglege leiar må ha gjennomført ei etablerarprøve i serveringslova.
Søknad om serveringsløyve
Ambulerande skjenkeløyve til lukka selskap tildelast privatpersonar, dvs. søkjarar utan alminneleg løyve.
Dette kan vere til tilstelningar som bryllaup, konfirmasjon, åremålsdag og tilsvarande arrangement.
Kommunens elektroniske søknadskjema
Skjenkeløyve for eit enkelt høve må knytte seg til ei bestemt hending og det må tildelast løyve for kvart enkelt arrangement.
Utifrå vedtekne alkoholpolitiske retningsliner så vert søkjarar med alminneleg løyve frå før, eller som har røynsle frå utøving av alminneleg løyve føretrekne. Det kan gjevast løyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1.2 og 3.
Desse søknadene treng ikkje politisk handsaming, men vert handsama administrativt fortløpande. Krav til kunnskapsprøve gjeld ikkje ved tildeling av løyve for eit enkelt høve etter § 1-6 andre ledd og ambulerande løyve etter § 4-5.
Dersom ein skal etablere verksemd med servering av mat, selge eller skjenke alkohol, er det obligatoriske kunnskapsprøver ein må bestå, før ein søkjer om løyve.
Prøvene kan takast i kva som helst kommune, som skriv ut attest ved bestått prøve. I Bykle kommune kan du ta prøva(ne) på rådhuset eller Hovdetun.
Gebyr per prøve:
- Etablerarprøve i serveringslova kr.400.-
- Kunnskapsprøve i alkohollova for sal eller skjenking av alkohol, f.t kr.400.-
Det vert sendt faktura
Etablerarprøva er basert på materialet som er i læreboka "Læremateriell - etablererprøven for serveringsvirksomhet" fra Vinn.
Ein har rett til å ha med seg reine lov- og forskriftstekster ved avlegging av etablerarprøva. Ordbok er ikkje tillete som hjelpemiddel.
Ring kommunen for å avtale tid for prøve på tlf.: 37 93 85 00