Starte bedrift

Etablerarhjelp i Bykle kommune

Vi ønskjer å leggje forholda til rette for at nye verksemder skal få best moglege vilkår for å etablere og utvikle seg i vår kommune.  Sjå rettleiing og kurs frå Driv Agder og ta kontakt med næringsavdelinga om de har spørsmål,

Driv Agder 

Driv Agder er heile regionens etablerarsenter og tilbyr gratis rettleiing og kunnskap for deg som ønskjer å etablere eigen verksemd i Bykle kommune. 

Driv Agders rådgjevarar er klare for å hjelpe deg med dine etableringsutfordringar. Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt. Bestill gratis rettleiingstime hos Driv Agder: Bestill time hos Driv Agder

Kurstilbod 

Driv Agder ønskjer å tilby mangfoldige opplæringsmoglegheiter for alle etablerarar i Agder. Dei har ein omfattande kursliste, slik at du kan velje og sette saman kurs som møter dine spesifikke behov.

Ta en titt på kurskalenderen for å finne det som passar best for deg.  Alle Kurs er gratis for gründere i kommunen. Kurskalender hos Driv Agder, Skatteetatens kurs for nye næringsdrivande.

Dagpengar og AAP under etablering av verksemd

Er du arbeidsledig eller permittert og får dagpengar, kan du søkja om å behalda dagpengane medan du planlegg og etablerer verksemda i inntil 12 månader. Tek du imot arbeidsavklaringspengar, kan du søkja om å behalda AAP i ein utviklingsfase på inntil 6 månader. Du kan også søkja om å behalda arbeidsavklaringspengar i ein oppstartsfase på inntil 3 månader. Viktig: Du må søkja før bedrifta startar opp! 

Brosjyre om ordningane (PDF, 204 kB)

Sjekkliste før du startar prosessen:

  • Verksemda må vera ny
  • Etableringen må kunna føra til at du kan leva av inntektene frå verksemda du startar
  • Ved AS må du eiga meir enn 50% av verksemda, åleine eller saman med andre som også får dagpengar
  • Du kan ikkje sjølv vera ansvarleg for at du har mista jobben dei siste seks månedene.


Kontakt Nav-rettleiaren din i Aktivitetsplanen og send melding i dialog om at du ønskjer samtale om å starte opp di eiga bedrift. For å få godkjent etableringa hos NAV må det liggja føre ei næringsfagleg vurdering, og den hjelper Driv Agder deg med. Bestill gratis time hos ein rådgivar på drivagder.no.

Sjå stønadsordningar for lokalt næringsliv her,