Utmark, vilt og fiske

Bykle er ein typisk fjellkommune, med store fjellareal og rik på naturressursar. Det gir gode muligheiter for jakt, fiske, friluftsliv og rekreasjon både sommar og vinter. Alle dei 4 hjorteviltartane finnast i kommunen. Fjellområda består av Setesdal Austhei og Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane. Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane er vårt nest største og Europas sørligaste villreinområde. Området er prega av kupert fjellandskap med mange vatn og vassdrag. I Bykle er om lag 60 % av arealet verna.

• Skotpremie på rev, mår og mink:
I Bykle kommune er det innført skotpremie på rev, mår og mink. For å få utbetalt skotpremie må viltet fysisk tilvisast og godkjennast på rådhuset i Bykle.  Mår og mink: kr 300,-.  Rev: kr 500,-

• Jaktstatistikk
pdf-dokument frå jakta 2012 og 2013.
sjå vedlegg.

• Fellingstillating
Jakt på elg, hjort, rådyr og villrein krev fellingstillating som spesifiserer kva for dyr du kan skyte i eit gitt område. Godkjente hjorteviltvald kan få årleg fellingstillating utan søknad. Det er kommunane som gir fellingstillating.

• Fellingsavgift
For å jakte elg, hjort og villrein må du betale fellingsavgift etter jakta. Fellingsavgifta for elg og hjort skal betalast på den måten kommunen bestemmer, medan fellingsavgift for villrein blir krevja inn av villreinnemnda til den kontoen Direktoratet for naturforvaltning bestemmer.

• Jegeravgift og rapportering
Alle som ønskjer å drive med jakt eller fangst i Norge, må betale jegeravgift. I etterkant av jakta sender du inn rapporteringsskjema over jakt- og fangstutbyttet til Statistisk sentralbyrå (SSB).

 Bestandsplan
Det er eit overordna mål at all forvaltning av hjortevilt skal skje etter ein plan. For elg og hjort kan kommunane godkjenne bestandsplanar for ein planperiode på inntil 5 år. Målet med bestandsplanar er ei meir målretta forvaltning der jaktrettshavarane får ein større del av ansvaret for forvaltninga enn ved tradisjonell tildeling frå kommunane.

• Jegerprøve og opplæringsjakt
Jakt og fangst krever kunnskap om jaktbare artar, skytevåpen, fangstredskap, human jakt og regelverk. Nye jegerar må difor ta jegerprøva. Frå det kalenderåret du fyller 14 år kan du delta på opplæringsjakt. Alle som er fylt 16 år, og som ikkje er registrert i Jegerregisteret, må bestå jegerprøva før de utøver jakt eller fangst. Prøva består av eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. Det obligatoriske kurset er på 30 timar, og du kan ta eksamen frå det kalenderåret du fyller 14 år.

• Bandtvang
Eigar eller innehavar av hund, som oppheld seg i Bykle kommune, skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 15. oktober i dei område der husdyr har rett til å beite eller faktisk beiter.  Forskrift om utvida bandtvang i Bykle kommune:

• Allemannsrett
Alle har lov til å ferdast og opphalde seg i utmarka i Norge. Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av vår kulturarv. Den gir deg rett til å bruke utmarka, uavhengig av kven som er grunneigar.

• Bålbrenning
Det er forbode å gjere opp eld i eller i nærleik av skogsmark i tida 15. april til 15. september.