UKM

UKM! (Ung kultur møtes) Bykle og Valle
Fagleiar ungdom og kultur er kommunekontakt i UKM-samarbeidet i Agder og arrangør av lokalmønstringa. UKM er Noregs største nasjonale satsing på ungdomskultur. All ungdom mellom 10 og 20 år kan deltake på UKM.

For oss i Bykle er UKM ein kulturarena for barn og unge som eininga kultur og fritid i Bykle har fokus på gjennom heile året. Workshops i ulike kulturelle uttrykk, musikkundervisninga i kulturskulen og formgivinga i skulane jobbar alle målretta mot UKM. Aldersgrensa for å vere med er frå 4. trinn. Altså det året barnet fyller 10 år. Ynskjer ein ikkje å vere med på dans, kunst el. bidra med andre kulturuttrykk anbefaler vi å delta som ein av dei unge arrangørane. Dette er ein viktig og spennande jobb.