Planlegging av arrangement
Teaterframføringar, festivalar, sportsarrangement eller andre store tilstellingar skal vere positive opplevingar for både arrangørar, utøvarar og ikkje minst for publikum.
Justis- og politidepartementet gav i 2008 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) i oppdrag å lage ei opplysningsbrosjyre om tryggleik ved arrangement der store menneskemengder samlast og der det er potensial for store ulykker. Brosjyra er meint å skulle vere ei handbok – eit verktøy – til nytte for både arrangørar og myndigheiter.
I Rettleiing for tryggleik ved store arrangement (PDF, 3 MB) får du ei detaljert og nyttig rettleiing for dette arbeidet. Som arrangør av større deltakar- og publikumsarrangement, ber vi deg kontakte kommunen i god tid på førehand, slik at ulike aspekt ved det enkelte arrangementet kan vurderast opp mot tryggleik og sikkerhet og vi oppmodar deg som arrangør å setje deg inn i denne brosjyra.
Publisert 10.08.2023 10:04
Sist endra 19.09.2024 10:48