Leiga av andre lokalar, bygg og anlegg
Flatelandsstoga ligg i tunet Lislestog i Bykle kyrkjebyd. Huset er ei lita stoge som opprinneleg sto i Oveinang nord for Valle, men blei flytta til Bykle i 1966.
Huset egnar seg godt til mindre selskap, med sitteplass til om lag 30 personar fordela på to stoger. Her er òg kjøken med omn, oppvaskmaskin og dekketøy.
Huset er ei gamal stoge, og ikkje universelt utforma.
Ynskjer du å leige Flatelandsstoga?
Kontakt Kultur & fritid
E-post: kultur@bykle.kommune.no
Tlf: 902 16 856
Langrennsarenaen er stengt for utleige ut våren 2025
Publisert 12.04.2024 13:27
Sist endra 12.04.2024 13:27