Bykle Idrettsråd

Kva oppgåve har Idrettsrådet:

Idrettsrådet er eit felles «lovpålagt» organ for idrettslag og klubbar i kommunen som er organisera i Norges Idrettsforbund (NIF) gjennom Idrettskretsen.

6 lag er medlemer av Bykle Idrettsråd, desse er: Hovden Sportsklubb, Hovden Pistolklubb, Bykle og Hovden Rideklubb, Hovden Brettklubb, Hovden Golfklubb og Bykle IL.

Oppgåvene er i hovudsak:

1. Prioritere anleggsmidlar på vegne av idrettslag og klubber i kommunen inn mot handlingsplanen
2. Tildele LAM- midlar (Lokale aktivitetsmidlar)
3. Tilrå utviklingsstipend til idrettsutøvar for avgjerd i formannskapet
4. Årsmøte med val av medlemmer til styre og valnemd

Bykle Idrettsråd mottek midlar til barn og unge

Retningsliner for tildeling av Lokale Aktivitets Midlar (LAM-midlar) Retningslinene som vart vedteke i 2020 har kvart år blitt vidareført av årsmøtet. Fordelingsmal er medlemer mellom 6 og 19 år der 6-12 år får 1/3 del og 13 – 19 år 2/3. Sjå vedlegg 3 og 4. Vedtak: Ein held fram med fordelingsmal der 6-12 år får 1/3 del og 13 – 19 år 2/3.

Retningsliner for tildeling - Vedtekter (Lovnorm) for Bykle Idrettsråd (PDF, 228 kB)

Styremedlemmer

Vedtak frå 2022 Ein gjekk vekk frå varamedlemmar og utvida til 5 styremedlemmar. Ein opplever styremøta som ein god møteplass for laga i kommunen og ynskjer brei deltaking her. Info og saker til kontaktperson for kvart lag i tillegg til styremedlemer. Møt gjerne med fleire medlemmar.

Lokale idrettsråd

Lokale idrettsråd er viktige av fleire grunnar. For det første fungerer dei som eit bindeledd mellom idrettslag, kommunale styresmakter og andre lokale aktørar. Dei

jobbar for å koordinere og fremje idrettsaktivitetar og anlegg på lokalt nivå. Dette er viktig for å sikre at idretten får både merksemd og den støtta ho fortener i lokalsamfunnet.

Vidare kan lokale idrettsråd være ansvarlege for å forvalte og utvikle idrettsanlegg og -område. Dette kan inkludere alt frå å sikre vedlikehald av idrettsbanar til å arbeide for å få bygd nye idrettshaller eller treningsfasilitetar.

I tillegg fungerer lokale idrettsråd ofte som ein røyst for idrettslaga i kommunale avgjerdsprosessar. Dei representerer idrettsfellesskapet og jobbar for å sikre at idrettens etterspurnad og interesser blir teke vare på i planlegginga av lokale aktivitetar og infrastruktur.

Samla sett er lokale idrettsråd viktige for å fremje idrett og fysisk aktivitet på lokalt nivå, styrke fellesskapet og bidra til betre helse og trivsel blant innbyggjarane.

Styret 2023/2024: 
Leiar: Hans Blattmann, Hovden Sportsklubb 
Nestleiar: Astrid Steensby, Hovden Golfklubb 
Styremedlem: Olav Skinnarland, Bykle og Hovden Rideklubb 
Styremedlem: Inger Lise Gjerden, Bykle IL 
Styremedlem: Kliff Erik Hoslemo; Hovden Pistolklubb

Aktuelle nettsidar:
Lokale aktivitetsmidler i Agder
Idrettsforbundets kurskalender - kurs for trenere til ulike aktivitetar
MittVarsel er Idrettsforbundet digitale portal der personar kan melde frå om kritikkverdige forhold på ein trygg måte.

Om Handlingsplanen for idrettsanlegg, kulturbygg og nærmiljøanlegg

Revisjon av Handlingsplan for idrettsanlegg, kulturbygg og næringsbygg gjerast kvart år. I handlingsplanen skal beløpet vere for stort, hvis ikkje kan det føre til økonomiske avgrensingar seinare. Prosjekt må være registret i anleggsregister før byggeprosessen settast i gang. Turstiar er unntak og kan søkje spelemidlar i ettertid. Handlingsplanen speiler ikkje økonomiplanen til kommunen. Prosjekt som søkjer støtte skal ikkje nyttast til kommersiell drift, men vere tilgjengelege anlegg retta mot gratistilbod. Styret tilrår ulike endringar og forslag som sendast vidare til kommunedirektøren.