Kva oppgåve har Idrettsrådet:
Idrettsrådet er eit felles lovpålagt organ for idrettslag og klubbar i kommunen som er organisera i Norges Idrettsforbund (NIF) gjennom Idrettskretsen.
5 lag er medlemer av Bykle Idrettsråd, desse er: Hovden Sportsklubb, Hovden Pistolklubb, Bykle og Hovden Rideklubb, Hovden Golfklubb og Bykle IL.
Oppgåvene er i hovudsak:
1. Prioritere anleggsmidlar på vegne av idrettslag og klubber i kommunen inn mot handlingsplanen
2. Tildele LAM- midlar (Lokale aktivitetsmidlar)
3. Tilrå utviklingsstipend til idrettsutøvar for avgjerd i formannskapet
4. Årsmøte med val av medlemmer til styre og valnemd
Bykle Idrettsråd mottek midlar til barn og unge
Retningsliner for tildeling av Lokale Aktivitets Midlar (LAM-midlar) Retningslinene som vart vedteke i 2020 har kvart år blitt vidareført av årsmøtet. Fordelingsmal er medlemer mellom 6 og 19 år der 6-12 år får 1/3 del og 13 – 19 år 2/3.
- Tilskot skal kun gjevast til lag som har idrett eller fysisk aktivitet som sitt primære formål, og driv idrettsleg verksemd for barn og/eller ungdom.
- Lag som mottek tilskot skal vere sjølveigande og frittståande foreiningar, med utelukkande personlege medlemer.
- Alle lag som tilfredsstiller ovafor nemnde krav, og som er medlemer i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF), har rett på tilskot. I tillegg skal idrettsråda vurdere om andre foreiningar som oppfyller krava i punkt 1) og 2), skal gis tilskot.
- Midlane skal brukast til aktivitet både for barn og ungdom. Idrettsrådet skal sikre at minst 1/3 av midlane tilfell kvar målgruppe.
- Tilskotsmidlane skal i sin heilskap tilfalle og utbetalast til laga. Midlane skal ikkje nyttast til administrasjon av ordninga, eller til aktivitetar i regi av idrettsråda.
- Likestilling i vid forstand, herunder omsynet til utøvarar med spesielle behov (bl.a. utøvarar med nedsett funksjonsevne), samt inkludering av barn og ungdom som i liten grad deltar i organisert idrett, skal ivaretakast ved fordelinga.
- Tilskot frå ordninga skal ikkje kunne danne grunnlag for fortenestebaserte eigarformer eller omdannast til forteneste for private eigarar.
- Idrettsrådet sine avgjersler skal vere offentlege, og det skal framgå kva kriterie som ligg til grunn for fordelinga.
- Idrettsrådet må fastsette eigne tildelingskriterie basert på KUDs kriterie, NIFs krav og anbefalingar, samt lokale tilhøve. Idrettsrådet må ha eigne tildelingskriterie slik at idrettslaga og idrettskretsen kan forstå fordelinga. Det held ikkje å vise til KUDs retningsliner og NIFs krav og anbefalingar.
- Tildelingskriteria lokalt må fastsetjast gjennom idrettsrådet sitt årsmøte. Dersom tildelingskriteria må endrast etter årsmøtet, må enten årsmøtet ha gitt fullmakt til at styret gjer endringar, eller det må avhaldast ekstraordinært årsmøte.
- Idrettsrådet si fordeling må gjennomførast etter 15. august og før 15. november. Viss fordelinga ikkje er innsendt innan fristen, vil midlane bli overført til den nasjonale potten som fordelast året etter.
- Minste beløp til fordeling skal vere 1000 kroner pr. idrettslag som har aktivitet for barn og/eller ungdom. Idrettsrådet skal fordele pengane i heile kroner.
- Idrettsråd skal ikkje kutte i tildelinga til idrettslag som har medlemer frå ein annan kommune, dersom dei bur i nærleiken av idrettslaget og har dette idrettslaget som naturleg side 2 av 2 tilhaldsstad. Dersom idrettsråd møter andre problemstillingar seg imellom, krev NIF at dei respektive idrettsråda i fellesskap finn gode og praktiske løysingar.
- Idrettslag som ikkje har aktivitet for barn og ungdom, skal ikkje ha midlar, sjølv om dei gjennomfører rekrutteringstiltak retta mot barn og ungdom.
- Idrettsrådet skal ikkje tildele midlar til lag og foreiningar som bruker idrett for å fremje sekundære formål eller der overskotet blir tatt ut av private eigarar.
- Bykle idrettsråd nyttar medlemstal som grunnlag for fordeling. 1/3 av totalbeløpet som idrettsrådet har til rådvelde skal gå til medlemsgruppa barn, dvs. alderen 6 – 12 år. 2/3 av totalbeløpet idrettsrådet har til rådvelde skal gå til medlemsgruppa ungdom, dvs. ungdom i alderen 13 – 19 år.
- Idrettslaga treng ikkje søkje på desse midlane, idrettsrådet fordeler tildelte midlar etter vedtekne retningsliner
Vedtekter (Lovnorm) for Bykle Idrettsråd (PDF, 228 kB)
Styremedlemmer
Vedtak frå 2022 Ein gjekk vekk frå varamedlemmar og utvida til 5 styremedlemmar. Ein opplever styremøta som ein god møteplass for laga i kommunen og ynskjer brei deltaking her. Info og saker til kontaktperson for kvart lag i tillegg til styremedlemer. Møt gjerne med fleire medlemmar.
Lokale idrettsråd
Lokale idrettsråd er viktige av fleire grunnar. For det første fungerer dei som eit bindeledd mellom idrettslag, kommunale styresmakter og andre lokale aktørar. Dei jobbar for å koordinere og fremje idrettsaktivitetar og anlegg på lokalt nivå. Dette er viktig for å sikre at idretten får både merksemd og den støtta ho fortener i lokalsamfunnet.
Vidare kan lokale idrettsråd være ansvarlege for å forvalte og utvikle idrettsanlegg og -område. Dette kan inkludere alt frå å sikre vedlikehald av idrettsbanar til å arbeide for å få bygd nye idrettshaller eller treningsfasilitetar.
I tillegg fungerer lokale idrettsråd ofte som ein røyst for idrettslaga i kommunale avgjerdsprosessar. Dei representerer idrettsfellesskapet og jobbar for å sikre at idrettens etterspurnad og interesser blir teke vare på i planlegginga av lokale aktivitetar og infrastruktur.
Samla sett er lokale idrettsråd viktige for å fremje idrett og fysisk aktivitet på lokalt nivå, styrke fellesskapet og bidra til betre helse og trivsel blant innbyggjarane.
Styret 2024/2025:
Leiar: Kliff Erik Hoslemo; Hovden Pistolklubb
Nestleiar: Lars Erik Domaas, Hovden Golfklubb
Styremedlem: Olav Skinnarland, Bykle og Hovden Rideklubb
Styremedlem: Bjarte Haugsgjerd, Hovden Sportsklubb
Styremedlem: Fredrik Eriksen, Bykle Idrettslag
Aktuelle nettsidar:
Lokale aktivitetsmidler i Agder
Idrettsforbundets kurskalender - kurs for trenere til ulike aktivitetar
For idrettsråd - idrettsforbundet.no
MittVarsel er Idrettsforbundet digitale portal der personar kan melde frå om kritikkverdige forhold på ein trygg måte.
Om Handlingsplanen for idrettsanlegg, kulturbygg og nærmiljøanlegg
Revisjon av Handlingsplan for idrettsanlegg, kulturbygg og næringsbygg gjerast kvart år. I handlingsplanen skal beløpet vere for stort, hvis ikkje kan det føre til økonomiske avgrensingar seinare. Prosjekt må være registret i anleggsregister før byggeprosessen settast i gang. Turstiar er unntak og kan søkje spelemidlar i ettertid. Handlingsplanen speiler ikkje økonomiplanen til kommunen. Prosjekt som søkjer støtte skal ikkje nyttast til kommersiell drift, men vere tilgjengelege anlegg retta mot gratistilbod. Styret tilrår ulike endringar og forslag som sendast vidare til kommunedirektøren.