Heimebuande som ynskjer og nytte seg av dagaktivitetstilbod kvar onsdag, frå kl. 11.00-15.00 er hjarteleg velkomne.
Dette er ei gratis teneste, men ein må betale for middag/lunsj og kaffi.
Kommunen kan syte for skyss til og frå for dei som ynskjer det.
For å tinge skyss og mat må du ringe kjøkkenet på Bykle sjukeheim tlf. 46841051
Det kjem frisør ei gong i månaden som ein kan nytte seg av. Pr. i dag er det fyrste onsdagen i månaden.
Ynskjer du time, kan du bestille ved å ta kontakt med aktivitetsleiar Bente Trydal.
Fotterapeut kjem ei gong i månaden etter avtale. Tilbodet om forterapeut er open for alle.
Ynskjer du time, kan du bestille ved å ta kontakt med aktivitetsleiar Bente Trydal.
Prest og organist kjem annakvar onsdag kl. 12.30 på Bykle sjukeheim.
Konsertar og andre arrangement på Bykle sjukeheim blir annonsert i Byklaren og på heimesida.
Publisert 28.07.2023 11:47
Sist endra 03.01.2024 15:43