Fysio- og ergoterapi

Fysioterapitenesta

Fysitoerapitenesta er ein del av helsetilbodet i kommunen. Fysioterapeutar jobbar med kropp og bevegelse for å fremje god helse. Fysioterapeutar førebyggjar og behandlar skadar og sjukdom som gjev smertar og/eller nedsett funksjon i muskel- og skjelettsystem. 

Tenesta tilbyr:

  • Undersøking og funksjonsutgreiing
  • Behandling
  • Gruppetrening
  • Rettleiing og undervisning
     

Fysioterapeutar jobbar i tett samarbeid med andre tenester, som t.d. helsestasjon, skulehelseteneste og heimeteneste.

Dersom du ynskjer hjelp frå ein fysioterapeut kan du sjølv ta kontakt utan tilvising frå lege eller anna helsepersonell. Fastlegen din, sjukehuset eller andre kommunale instansar (for eksempel heimetenesta eller skulehelsetenesta) kan også kontakte tenesta på dine vegne, dersom du gjev fullmakt til dette.

   Fysioterapeutar:

   Bykle og Hovden: Anne Thielecke, 95306880 
   Valle:  Ida Rosseland og Paolo Chessa, 46883253

   Ergoterapeut:

   Nina Aagesen - 46806098

   nina.aagesen@bykle.kommune.no