Den kulturelle skulesekken

Som skuleelev får du tilgang til gode kulturopplevingar gjennom den kulturelle skulesekken. Tilbodet skal vere profesjonelt og breidt og dekkjer mellom anna musikk, scenekunst, litteratur, visuell kunst, film og kulturarv. Målet er at alle elevane skal bli kjende med og utvikle forståing for ulike kunst- og kulturuttrykk. Dette er òg i tråd med måla i dei ulike læreplanane for skulen.

Illustrasjonsbilde (Pynt)3 bilder av ulike DKS oppsetningar - Klikk for stort bilete

Målgruppe

Den kulturelle skulesekken gjeld elevar både i grunnskulen og den vidaregåande skulen - uavhengig av bakgrunn og kva for skule du går på.

Bilete av programmet til DKS 2024/2025 - Klikk for stort bileteFrå programmet 2024/2025

Program for Den kulturelle skulesekken i Bykle kommune

Den kulturelle skulesekken - Bykle
Kulturtanken

Samarbeidspartnarar

Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet legg dei overordna føringane. Tiltaket blir i hovudsak finansiert av spelemidlar. I tillegg bidrar fylkeskommunen, kommunen og kulturinstitusjonar. Fylkeskommunen forvaltar midlane til regionale og lokale tiltak.