Planar og vedtekter for barnehagane
Vedteken i kommunestyremøte 27.05.21
Barn fortener gode barnehagar!
- Å skape gode barnehagar er ei av dei viktigaste oppgåvene for kommunen vår. Barnehagane er ein del av opplæringstilbodet på line med grunnskulen. Barnehagane er også ein viktig arena for tidleg innsats. Samfunnsdelen av Kommuneplan for Bykle 2016 – 2026 har dette som eit mål: «Bykle kommune skal ha gode vilkår for god læring heile livet, frå barnehage til vidaregåande skule og vaksenopplæring.» Under kapittel om utdanning i same plan er dette sagt: «Barnehagane og skulane i Bykle har gode rammevilkår når det gjeld økonomi, bygningar, uteområde og læremidlar. Dermed har barn, foreldre og tilsette eit særs godt grunnlag for å gje barna i Bykle eit godt og stimulerande miljø for positiv utvikling både sosialt og fagleg.»
- Bykle kommune legg stor vekt på å skape gode og trygge oppvekst- og opplæringsvilkår for barn, noko dei to barnehagane er ein viktig del av. Barnehagane er både eit godt pedagogisk tilbod og eit godt omsorgstilbod for barna våre. Gode og tilgjengelege barnehageplassar er også ein viktig føresetnad for småbarnforeldre si yrkesdeltaking. Bykle kommune vil med barnehagepolitisk plan leggje grunnlag for den vidare kvalitetssatsinga i barnehagane våre.
Barnehagetilbodet
- Bykle kommune skal ha to barnehagar, dvs. Bykle barnehage og Fjellgardane barnehage. Heile kommunen er å sjå på som ein opptakskrins. Bykle kommune har som mål at ein alltid har full barnehagedekning.
- Barnehagane har ei opningstid på inntil 9 t. og 30 min. Det enkelte barnet skal ikkje ha lenger dagleg opphaldstid enn 8 t. og 30 min.
- Barnehagane har hovudopptak til nytt barnehageår med søknadsfrist 1. mars, men tek inn barn heile året med unntak av juli månad og fram til nytt barnehageår startar den dagen elevane begynner på skulen i august.
Personalet
- Ein god barnehageleiar involverer og stimulerer dei tilsette slik at dei får nytte sin kompetanse og også utvide sin kompetanse.
- Barnehagetilsette skal vere rause, respektfulle og reflekterte i sitt møte med barn, foreldre og kollegaer.
- Bykle kommune skal alltid oppfylle barnehagelova sine krav til bemanning og antal barn på kvar avdeling. Ein tilsett skal aldri vere aleine på jobb. Kommunen vil halde på ei bemanning som sikrar stabilitet og fleksibilitet.
- Bykle kommune deltek i Nettverk Setesdal Oppvekst og barnehagepersonalet deltek på dei kurstilboda og satsingsområda nettverket står bak. Kommunen verdset at personalet tek vidare- og etterutdanning og legg til rette for dette.
Føresette
- Eit godt samarbeid mellom heim og barnehage byggjer på gjensidig respekt og forståing.
- Samarbeid om det enkelte barnet sikrast ved foreldresamtalar og i den daglege kontakten mellom føresette og personale. Informasjon til og kommunikasjon med føresette skjer også ved å nytte datateknologi som mobiltelefon, elektronisk tavle og dataprogram.
- Føresette skal vere aktive samarbeidspartnarar og har foreldrerådet og samarbeidsutvalet som sine organ. Det vert gjennomført brukarundersøking årleg og samarbeidsutvalet skal ha barnehagen sin årsplan til uttale og godkjenning.
- Foreldrerådet (alle føresette i ein barnehage) i kvar enkelt barnehage avgjer om det skal vere felles samarbeidsutval for dei to barnehagane eller om kvar barnehage skal ha eige samarbeidsutval.
Planarbeid
- Alt arbeid i barnehagen skal drivast i samsvar med «Lov om barnehager», forskrifter og retningsliner fastsett av Kunnskapsdepartementet, Barnehagepolitisk plan for Bykle kommune, Vedtekter for barnehagane i Bykle, andre kommunale vedtak og barnehagane sine årsplanar.
- Barnehagen sin årsplan er eit viktig dokument som skal vere ferdig til nytt barnehageår. Årsplanen skal vere godkjent av samarbeidsutvalet og innehalde desse punkta:
- Visjon og satsingsområde
- Presentasjon av barnehagen og personalet
- Vise kva tankar og planar ein har kring omsorg, leik, læring og danning
- Vise korleis ein planlegg, gjennomfører, dokumenterer og vurderer arbeidet
- Barnehagane er ein viktig del av bygdesamfunnet. Dei skal ta opp emne i tilknyting til bygda si historie, dialektar, kultur og natur og har nynorsk som målform.
- Barnehagane skal delta i den delen av folkemusikkprosjektet «Gorrlaus» som er laga for barn i barnehagealder eller andre tiltak i barnehagane som følgjer av at Setesdalskulturen kom inn på Unesco si verdsarvliste for immateriell kunst.
Samarbeidspartnarar
- Barnehagane deltek i tverretatleg samarbeid med kommunehelsetenesta, barnevernet, skulen, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og kultur&fritid. Barnehagane har ei viktig rolle i kommunen sin «Plan for tidleg innsats.»
- Bykle kommune har inngått avtale med Universitetet i Agder om å ta imot praksisstudentar frå barnehagelærarutdanninga. Dette er ei fin utfordring til personalet, inspirerande for barna og eit godt rekrutteringstiltak for kommunen.
- Elles er dette aktuelle samarbeidspartnarar:
- Universitet og høgskular
- Setesdal vidaregåande skule, avd. Hovden
- Opplæringskontoret
- Kyrkja
- Lokalt næringsliv inkludert primærnæringa
- Den kulturelle bæremeisa
- Nettverk Setesdal Oppvekst
- Barnehagar og fagmiljø utafor kommunen
- Regionen
- Andre tenesteeiningar
- Friviljuge lag og organisasjonar i kommunen
Publisert 26.11.2023 20:11
Sist endra 05.09.2024 15:27