Bykle barnehage

Barnehagen ligg i nærområde til både bustadfelt, barneskule og friområde med ljosløype og skistoge. Dei to avdelingane våre er Ulvetuva og Bjørnehiet.

Avdelingane er romslege og innhaldsrike, og innbyr til ulike aktivitetar og mykje leik og læring.

Barna har ein stor leikeplass å utfalde seg på. Uteområdet har både naturtomt og opparbeida leikeareal, med mellom anna snikkarbod, leikestove og kunstgrasbane. Jordbæråkeren og ripsbuskene, blåbærlyng og moltemyr, gjer haustane særleg søte og gode.
Barnehagen har også ei årestoge som ligg like i nærleiken. Om vinteren vert det oppkøyrd akebakke utanfor årestoga.
Vi nyttar biblioteket, gymsalen og symjehallen som ligg i gåavstand til barnehagen, og kulturskulen gir oss tilbod om musikk, leikarring og eventyrstunder.

Dei eldste barna, kompisane, har månadlege turar/aktivitetar med kompisane i Fjellgardane barnehage, i tillegg til eige opplegg i barnehagen.

Søknadsskjema for plass, endring eller oppseiing


Kontaktinformasjon:

Bykle barnehage tlf.: 976 21 785

Pedagogisk Leiar: Ingrid Synnøve Kostveit 
Barnehagelærar: Gyri Bjåen
Fagarbeidar: Helga Frøystein
Fagarbeidar: Magnhild Mosdøl
Assistent: Sigita Bergsone

Opningstider: 07.15 - 16.15

Tenesteleiar: 
Caroline Rysstad
M: 934 21 494
Caroline.Rysstad@bykle.kommune.no

For digital sending av post til Bykle barnehage nyttast org.nr. 975 307 581
Besøksadresse: Sarvsvegen 9, 4754 Bykle