Årsplanen er ein arbeidsreiskap for barnehagepersonalet og dokumenterer vala og grunngivnadene til barnehagen. Årsplanen kan gi informasjon om barnehagens pedagogiske arbeid til myndigheitsnivåa, samarbeidspartane til barnehagen og andre interesserte.
Årsplan for barnehagane 2024 - 2025

Årsplanen skal vise korleis barnehagen vil arbeide for å omsetje formålet og innhaldet i rammeplanen og dei lokale tilpassingane i pedagogisk praksis. Årsplanen skal mellom anna vise korleis barnehagen arbeider med omsorg, leik, danning og læring. Her må også progresjon tydeleggjerast. Ein skal synleggjere korleis medverknaden frå barn og foreldre blir teken inn i planleggingsarbeidet, og korleis barnehagen vurderer det pedagogiske arbeidet sitt. Det skal òg kome fram korleis barnehagen arbeider med tilvenning av nye barn og sikrar samarbeid og samanheng med skulen.

Publisert 03.01.2025 11:58
Sist endra 03.01.2025 12:07