Naudvarsel – Vern ved akutte hendingar
Ved akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse, vil du motta eit naudvarsel med informasjon om situasjonen og råd om kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv.
Korleis fungerer naudvarsel?
Naudvarsel er ein teneste frå norske myndigheiter, der politiet og Sivilforsvaret avgjer kva område som skal varslast og sender ut sjølve varselet. Naudvarsel vert sendt til mobiltelefonar og Apple-klokker innanfor eit gitt geografisk område. Dei fleste nyare mobiltelefonar kan motta slike varsel.
Teknologi og personvern
Naudvarsel brukar ikkje telefonnummeret ditt eller andre personopplysingar, og det er uavhengig av kva abonnement du har, kvar du bur, jobbar eller kvar telefonen er registrert. Det er gratis å motta eit naudvarsel, og du treng ikkje registrere deg, melde deg på eller laste ned ein app. For å motta naudvarsel må du ha 4G eller 5G-dekning og oppdatert programvare på telefonen.
Kva skjer når du får eit naudvarsel?
- Telefonen vibrerer og spelar av ein høg sireneaktig lyd.
- Ein kort tekst kjem opp på skjermen som fortel kva som skjer og kva du bør gjere.
- Dersom telefonen din støttar tekst til tale, kan meldinga bli lesen opp.
Naudvarsel er ein viktig del av beredskapen og bidreg til rask informasjonsformidling ved kritiske situasjonar.
Kven kan få varsler? (nodvarsel.no)
Publisert 15.07.2024 10:49
Sist endra 15.07.2024 10:49