Kommunal beredskap

Uønskte hendingar er ei utfordring for eit lokalsamfunn, og derfor er det viktig at kommunen har planar for både førebygging, beredskap og krisehandtering.

Kommunen planlegg for å kunne handtere ulykker og kriser på ein best muleg måte. Det betyr at vi skal

  • sørgje for innbyggjarens tryggleik
  • ha planar for at samfunnsviktige funksjonar ikkje stoppar opp under ei krise
  • verne om miljø og kulturverdiar og
  • forhindre øydelegging av økonomiske og materielle verdiar.

Bykle kommune har ein politisk godkjent plan for krisehandtering av ulykker og uønskte hendingar. Kommunen har eiga kriseleiing og eit kriseteam.

Kommunen tar i bruk varslingssystem slik at innbyggjarar eller vitjarar i eit definert område kan varslast med SMS til mobiltelefon ved viktige hendelsar.

Rettleiing for tryggleik ved store arrangement får du ei detaljert og nyttig rettleiing for dette arbeidet.  Som arrangør av større deltakar- og publikumsarrangement, ber vi deg kontakte kommunen i god tid på førehand, slik at ulike aspekt ved det enkelte arrangementet kan vurderast opp mot tryggleik og sikkerhet og vi oppmodar deg som arrangør å setje deg inn i denne brosjyra.

Nødvarsel - Nødvarsel er ein teneste frå norske myndigheiter. Om det oppstår ei alvorlig hending med akutt fare for liv og helse der du er, så kan du få eit nødvarsel til din mobiltelefon.

Beredskapsdokumenter ROS Setesdal

Kriseleiinga

Ordførar
Hans Blattmann
T: 91707095
E: hans.blattmann@politiker.bykle.no

Kommunedirektør
Karina Sloth
T48008006 
E: karina.sloth@bykle.kommune.no

Beredskapskoordinator
Vidar Johnsen
T: 41420301
E: vidar.johnsen@bykle.kommune.no​

Varaordførar
Anne Merethe Hjemdahl
T: 90190771
E: anne.merethe.hjemdahl@politiker.bykle.no
 

Varsling av kriseleiinga
Når kriseleiinga skal varslast, skal Ordførar eller Kommunedirektør varslast fyrst. Desse skal vurdere om kriseleiinga må settast, og vil varsle resten av kriseleiinga.
Om korkje Ordførar eller Kommunedirektør kan nåast, skal dei neste i kriseleiinga varslast som følgjar: Beredskapskoordinator - Varaordførar.