Du er ein del av beredskapen i Noreg
Har du alt du treng for å klare deg sjølv i veke dersom vatn og straum plutseleg blir vekke?
Sjølv om me lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar skje også hos oss. Ved å vera førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein krisesituasjon. På den måten er du ein viktig del av beredskapen i Noreg.
Målet med Eigenberedskap
Eigenberedskapsveka, som vert arrangert av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i samarbeid med kommunar, har som mål å auka folks kunnskap om eigenberedskap. Målet er å oppmuntre fleire til å gjere fornuftige førebuingar for å kunne handtere uforutsette hendingar. Ofte skal det ikkje så mykje til for å bli litt betre førebudd.
DSB anbefaler at alle husstandar i Noreg tar nokre enkle grep for å betra sin eigenberedskap. Dette kan bidra til å sikre at du og dine næraste kan klare dykk sjølv i ei veke, utan tilgang til vatn og straum.
Sjekkliste for di eigenberedskap
- Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker.
- Mat som toler lagring i romtemperatur.
- Grill, kokeapparat eller stormkjøkken.
- Varme kler, pledd, dyner og soveposar.
- Fyrstikker og stearinlys.
- Ved om du har vedomn eller peis.
- Gass- eller parafinomn for innandørs bruk som alternativ til vedfyring.
- Avtale om overnatting om du ikkje har alternativ oppvarming.
- Lommelykter eller hovudlykter med batteri, sveiv eller solceller.
- DAB-radio med batteri, sveiv eller solceller.
- Legemiddel og førstehjelpsutstyr.
- Jodtablettar (for barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
- Hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.
- Batteri og lada batteribank.
- Litt kontantar og fleire betalingskort.
- Mat og vatn til kjæledyr.
- Liste på papir med viktige telefonnummer som naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vener og naboar.
Kvifor Eigenberedskapsråd no?
Det er fleire forhold som gjer at eigenberedskapsråd vert gitt til befolkninga no. Meir ekstremvêr er blant dei viktigaste årsakene. Ekstremvêr kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur, som straum, vatn og mobilnett. Andre årsaker kan vere sabotasje, tekniske problem, terror og krigshandlingar.
I tillegg er me som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste fungerer som det skal. Me er avhengige av mange tenester og funksjonar for at det daglege livet skal gå rundt utan store problem. Dette skapar ei sårbarheit som eigenberedskap kan bidra til å redusere.
Sikker hverdag | Sikkerhverdag
Publisert 09.07.2024 14:05
Sist endra 12.11.2024 09:36