Om skulen

Skulen sto ferdig i 1973. Til å begynne med var det ein rein barneskule som blei utvida til å bli ungdomsskule og i 1979. Før den tid måtte byklarane til Valle og Edland for å gå på ungdomsskule. Vi bygde på skulen i 1992 med nybygg for 1. - 7. klasse. Året etter blei resten av skulen bygd om. Våren 2018 var eit nytt byggetrinn på skulen ferdig. Då fekk vi ny personalavdeling, med fine arbeidsrom og møterom.
Som næraste nabo har vi samfunnshuset. Det sto ferdig i 1997. Skulen brukar lokala i samfunnshuset til skulekjøkken, kroppsøving bibliotek og kultursamlingar.

Bykle barne- og ungdomsskule er ein 1 - 10 skule. Skulen har 52 elevar i år. Av desse går 27 på ungdomssteget. Vi har også skulefritidsordning som er open alle vekedagar frå  kl. 06.45 til klokka 16.00. I år er det 13 barn som brukar tilbodet.
Vi har kantina med gratis skulemat til alle, og PC eller nettbrett til alle elevane.

Vi brukar læringsplattforma,Skooler.
Skulane i Bykle kommune er Pals-skular. Det vil seie at vi jobbar systematisk i heile organisasjonen for å fremje positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling.

 

Skulebuss