Skuleskyss

Bur du over ein viss avstand frå skulen eller har du ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til skuleskyss. Har du nedsett funksjonsevne eller er mellombels skadd eller sjuk, har du òg rett til skyss til og frå skulefritidsordninga (SFO).

Kven kan få skuleskyss?

  • Elevar i grunnskule, vidaregåande skule og privatskule
  • Elevar med funksjonshemming 
  • Elevar som er mellombels skadde eller sjuke

Kriterium/vilkår

Avstanden mellom skule og heim må overstige

  • 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
  • 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen
  • 6 km for vidaregåande skule

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstig. Er du elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til fri skuleskyss uavhengig av kor stor avstanden er. Dette gjeld også om du er funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk.

Går du på privatskule, har du rett til skuleskyss berre innanfor grensene av den kommunen/fylkeskommunen der du bur.

Ta kontakt for meir informasjon:

Navn: Informasjonen -
Tittel: Informasjonen
Telefon: 37938500
Epost: informasjonen@bykle.kommune.no