Her skal det samlast litt informasjon og ressursar for elevar på skulen.
Læringsressursar
Elevråd
Her kjem liste på elevrådet.
10. klasse Jonas og Rauls
9. klasse Tord og Peder
8. klasse Sille og Torjus
5.-7. klasse Caroline, Jael og Leonora
1.-4. klasse Tollak og Daniela
Elevrådet består av tillitsvalde frå kvar klasse på skulen, og skal jobbe for å gje større gjennomslagskraft for elevane. Det er lovfestet at alle skoler skal ha eit elevråd.
Elevrådet skal kunne uttale seg i og kome med innspell i saker som gjelder blant anna læringsmiljø, arbeidsforhold og velferden til elevane.
Tanken med elevrådet er at det skal vere elevanes talerøyr på skulen. Det er fleire elevar på skulen enn lærarar og rektor til samen. Det er da sjølvsagt at den største gruppa på skulen, elevane, skal ha moglegheit til å påvirke sin eigen skulekvardag.
Elevrådet er obligatorisk ved alle grunnskular og vidaregåande skular i Noreg for å sikre elevane sin medverknad og innverknad. Elevrådet skal ha representantar frå alle klassetrinn, valt demokratisk av elevane. Det skal halde jamlege møte med referat og har rett til å uttale seg om saker som gjeld elevane sitt læringsmiljø og arbeidsvilkår. Skuleleiinga skal samarbeide med elevrådet, lytte til innspela deira, og gje dei nødvendige ressursar og opplæring.
Elevrådet sine oppgåver inkluderer å fremje elevane sine interesser, arbeide for eit godt læringsmiljø, og formidle elevane sine synspunkt til skuleleiinga. Dei kan organisere sosiale og faglege aktivitetar, delta i skuleutvalet, informere elevane om arbeidet sitt, og initiere og gjennomføre prosjekt som er viktige for elevane og skulemiljøet. Arbeid med elevråd | udir.no
Publisert 26.01.2024 13:23
Sist endra 22.10.2024 14:22