Foreldreråd og Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU)

Alle foreldre/foresatte som har barn ved skulen, er automatisk medlemmer av foreldrerådet. Foreldrerådet vel representantar for kvart klassetrinn (klassekontakter) som tilsaman utgjer foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU). Ein kan seie at FAU fungerer som eit ”styre” for foreldrerådet.

Oppgåvene til foreldrerådet og FAU er å fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Arbeidsoppgåver kan vere å arbeide for å skape godt samhald mellom heim og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane, skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet, informere og høyre alle foreldre om aktuelle saker, arrangere samlingar for foreldre og lærarar, ta initiativ til sosiale aktiviteter for elevane, eller samarbeide med elevrådet, SU, SMU, KFU, rektor og lærarar.

Meir om FAU

 

Klassekontakter 2024-2025 og fForeldreråtets Arbeidsutval (FAU)

 

Referat frå FAU