Vil ha fleire svar på bustadundersøking i Bykle kommune!
Kva trengst det mest av i Bykle kommune? Hus? Leilegheiter? Noko anna? Samfunnsavdelinga i Bykle kommune sender no ut ei spørjeundersøking for å kartleggje bustadbehovet. Undersøkinga er retta mot alle innbyggjarar over 18 år, og har også relevans i høve arbeidet med ny arealdel av kommuneplanen. No oppmodar kommunen fleire om å bli med i undersøkinga.
Sigrid Bjørgum
I undersøkinga ser ein på ulike kriterie som mellom anna kor respondentane ynskjer å bu, korleis dei vil bu og alderssamansetning. Undersøkinga blir sendt ut i samband med at det blir laga ei politisk sak for drøfting av bustadpolitikken framover. Målet er at så mange som råd av alle fastbuande over 18 år svarar.
Spørjeundersøkinga tek om lag 5 minutt å svare på.
Frist for å svare er 15. mai 2026.
Her kan du delta i undersøkinga.
Publisert 20.04.2026 10:57
Sist endra 20.04.2026 10:57