Vil auke kunnskapsnivået om mat i Setesdal
Prosjektet “Kosthald for livet” i regi av Lokalmedisinske tenester Setesdal har som mål å auke kunnskapsnivået om mat i region Setesdal, for å gjere det enklare å ta gode matval i kvardagen. Som ein del av prosjektet er det no utvikla ei spørjeundersøking ein håpar at mange tar seg tid til å svare på.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 01.12.2025 12:11
Sist endra 01.12.2025 12:11

Når ein kartlegg matvanar og behov kan ein enklare kome med tiltak som treff godt. Spørjeundersøkinga kan gje eit grunnlag prosjektet kan arbeide vidare med.
– Me håpar difor at så mange som råd tar seg bryet med å svare på undersøkinga. Jo fleire svar, jo betre grunnlag, seier prosjektleiar Marion Brodin i LMT Setesdal.
HER er lenke til meir informasjon og spørjeundersøkinga.