Viking & Villrein på Hovden laurdag 5. oktober
Eit innhaldsrikt og variert program ventar alle som tar turen til Viking & Villrein på Hovden laurdag 5. oktober frå klokka 11-15.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 01.10.2024 09:43
Sist endra 02.10.2024 12:45
Agder Vikinglag. Valle Vev. Kjell Braaten med historiske instrument og Kim Tomas Joma, den sørsamiske viltkokken. Dette er bare nokre av svært mange aktørar som er klare øvst i dalen denne dagen. Av meir lokale innslag kan ein nemne alt frå Bjørg-Sissel Tveiten med luren på lur til Endre Stulien Robstad på munnharpe og villreinsertifikat i regi av Bykle kommune. Lista er lang, og her må absolutt vere noko for dei aller fleste!
For dei yngste
Også borna skal få sitt! Teater Fabel, sjonglørgruppa Flaks, eine innslaget etter det andre bør fenge også den yngre målgruppa. I tillegg er ei heil rekke lokale leverandørar av alt frå handtverk til mat med. Bygland bryggeri koker einerlåg, det blir fargeplanting og veving på vikingvis, partereing av vilt og mykje, mykje meir.
Vikinggilde
På kvelden blir det skipa til vikinggilde på Hovdestøylen. Denne delen av dagen tar til klokka 18.30. Det blir dekka opp på langbord, og kvelden blir rik på både god mat og underhaldning. Til vikinggildet må ein tinge seg plass.
HER kan ein lese alt det Viking & Villrein har lagt ut av informasjon om det som blir ein skikkeleg familiedag på Hovden!