Vegarbeid og kanskje ljosregulering i krysset skisentervegen/Skulevegen
Denne veka blir det sett i gang vegarbeid og trafikksikring i krysset kv1106 på Hovden, Skisentervegen/Skulevegen. Det kan bli nødvendig med ljosregulering.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.09.2024 10:06
Sist endra 24.09.2024 10:06
Det skal utførast ei heil rekke utbetringar i krysset på alt frå betongrekkverk til fotgjengerovergangar, kantsteinar og gateljos.
– Det er ikkje planlagt graving i sjølve vegbanen, men det kan likevel bli aktuelt med ljosregulering fram til midten av oktober, seier Bjørn Einar Andersen i Bykle kommune.
Fokus på tryggleiken
I og med at det her er snakk om ein skuleveg kjem entreprenøren Lindland maskin AS til å ha ekstra fokus på tryggleiken i anleggsperioden. Så er det sjølvsagt viktig at også alle me andre har like stor fokus på det slik at arbeidet kan gjennomførast utan hendingar av noko slag.