Varsel om betydeleg snøskredfare i heiane i Bykle og Valle

I morgontimane i dag hardet gått ut varsel frå Varsom.no om betydeleg snøskredfare i heiane i Bykle og Valle. Farenivået er sett til 3 - betydeleg.

Ole Birger Lien

Med vinterferie og mykje folk i bygd og hei, kan det difor vere på sin plass å minne alle som skal bevege seg i fjellområda om å vere forsiktige. Det skal ikkje store skråninga til før det er skredfare, og når snølaga ligg som dei gjer no, i flak, er det altså ekstra stor risiko. Risikoen skal minske frå laurdag av - frå nivå 3 til 2.

Hald deg oppdatert på Varsom.no