Utvida tilbod om datahjelp i Bykle kommune - samling i dag

Bykle kommune drar i gang eit utvida tilbod om datahjelp med datakafé og ein til ein-rettleiing. Satsinga er eit samarbeid mellom Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet, Merete Egeland i frivilligsentralen og Magnus Løseth Magnússon i biblioteket.

Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet og Merete Egeland i frivilligsentralen er klar for å tilby datahjelp i samarbeid med biblioteket. - Klikk for stort bileteVidar Mortensen i Brynje-prosjektet og Merete Egeland i frivilligsentralen er klar for å tilby datahjelp i samarbeid med biblioteket.

Dagkaféen skal gå føre seg mellom klokka 12-14, medan det på kveldstid er mellom 18-20 at dei med behov for datahjelp skal få nettopp det. Kafétilbodet skal samkøyrast med bygdekaféen i Bykle.

– For dei som bur på Hovden og ynskjer å vere med på Data-kafé, kan det ved stor pågang bli snakk om å bruke el-bussen, seier Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet.

Ein til ein

I tillegg til felles kursing skal Bykle kommune også leggje til rette for ein til ein-rettleiing. 

– Resepsjonen i Hovden grendehus blir førstelinjekontakt for booking anten ved oppmøte, via telefon: 902 16 856, eller på e-post: kultur@bykle.kommune.no . Kurs skal gjennomførast på dagtid i ein prøveperiode, så evaluerer me ordninga i juni, seier Mortensen.

Både datahjelp og spennande kurstema

I dag 13. februar blir det samling saman med Bygdekaféen frå klokka 12-14. Då blir det drop in for spørsmål og hjelp. 20. februar er det i vaksenopplæringa i Bykle frå klokka 18-20. Då er temaet nettsvindel - korleis unngå det, og kva skal ein gjere viss det skjer?