Ute etter kremmarar til Bykledagen

Har du noko du vil selge? Då er kanskje Bykledagen 2025 noko for deg?

Bykledagen 2024 - i år blir arrangementet laurdag 6. september.

Bykledagen 2025 blir skipa til 6. september. Alt no vil arrangørane ha handelsfolk i tale - og har du eit eller anna heimelaga produkt å selge kan dette arrangementet vere midt i blinken for deg! Det er Bykle næringslag som står bak Bykledagen i samarbeid med mellom andre Bykle kommune og lokale aktørar elles.

Avgrensa med plassar

Det er avgrensa med plassar for dei som vil slå av ein handel på Bykledagen - så den som er interessert bør ta kontakt snarast. Staden å melde si interesse er på epost til lina@hovden.com