- Urevassvegen er ikkje open for vanleg ferdsle!

I fjor vart det innført ferdslerestriksjonar på Urevassvegen i Bykle på grunn av omsynet til villreinen. Restriksjonane har gjeve gode resultat, men no er ferdsla på vegen aukande igjen.

Bykle-ordførar Hans Blattmann minner om at det er ferdslerestriksjonar på Urevassvegen. - Klikk for stort bileteBykle-ordførar Hans Blattmann minner om at det er ferdslerestriksjonar på Urevassvegen.

Bykle-ordførar Hans Blattmann minner om årsaka til at restriksjonane vart innført.

– Urevassvegen går inn i eit for villreinen svært sårbart område, eit område der ferdsle både med bil, til fots eller på sykkel er forstyrrande. Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane (SVR) melder om god effekt av restriksjonane, men no er me redde at trafikken skal auke att. Me må halde ferdsla i området på eit minimum, seier han.

Marknadsføring på Facebook øydeleggjande

Ulike grupper på Facebook har omtala Urevassvegen og fortalt om det flotte området. Det har gjeve ein marknadsføringseffekt som kan bety auka ferdsle, stikk i strid med det som var målet med restriksjonane.

– I dag er det slik at fastbuande i kommunen kan få løyve av Otra Kraft DA til å nytte vegen. Elles skal vegen ikkje brukast. Det er ein bom der vegen tar til, som framleis står open. Viss ikkje trafikken på vegen avtar, må nok bommen stengast. Difor er det viktig å minne om at det ikkje er fri ferdsle på vegen, seier Bykle-ordførar Hans Blattmann.