UKM på Hovden i morgon laurdag 14. mars!
Med tekniske prøver og rigging fredag 13. mars brakar det laus med UKM for Bykle og Valle i Hovden grendehus laurdag 14. mars klokka 14.00. Gjer deg klar for ung kreativitet og massevis av pågangsmot både på og bak scena! Temaet for årets UKM er Timetravel.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 13.03.2026 13:39
Sist endra 13.03.2026 15:08
UKM Bykle/Valle
Utøvarane frå Bykle gjennomfører tekniske prøver fredagen, dei frå Valle tidleg laurdagen. Så er det full rulle med konsertar, dans, song og spel, alt dette flotte våre eigne unge presterer. I tillegg til sjølve utøvinga på scena er mange med som Ung arrangør. Dei arbeider med sjølve arrangementet, er med på å bestemme tema, tar bilete, er aktivitetsleiarar og mykje, mykje meir.
UKM kunst
Også kunst i form av alt frå foto til måleri kan vere aktuelt under UKM. År etter år viser dei unge talenta at breidden er imponerande - slik blir det gareantert i grendehuset også no til helga!