Turistinformasjonen flyttar til Hovden Fjellbad

Turistkontoret på Hovden er i endring. Fra 5. april stenger turistinformasjonen i Hovdetun og vil «gjenoppstå» i ny og forenklet versjon i Hovden Fjellbad i løpet av juni.

Unn Hovden

Så er det ein del digitale flater der ein også kan få informasjon. Stader som nettsida www.hovden.com, og www.facebook/visithovden eller instagramadressa @hovdencom på sosiale mediar - er vegar ein kan gå.

Hovdenlosen

I tillegg til ny og forenkla versjon av turistinformasjon på Hovden Fjellbad i løpet av juni er det også råd å få informasjon via chatboten Hovdenlosen. Den finn ein nederst på nettsida til hovden.com. 

Ope i påskeveka

I påskeveka er turistkontoret på Hovden ope 1. april klokka 10-16 og 2.- 4. april frå klokka 10-14. Frå etter påske er det altså Hovden Fjellbad som gjeld som turistinformasjon - men ikkje før i løpet av juni.