Tungtransport til byggjeområdet for nye Hovden Badeland

Det blir fleire store og tunge transportar inn til det som skal bli nye Hovden Badeland tysdag 4. februar og onsdag 5. februar. Folk som skal ferdast i området må difor fylgje ekstra godt med.

Torvald Gautland ber folk som skal bevege seg i området der nye Hovden badeland kjem, om å fylgje ekstra godt med tysdag 4.- og onsdag 5. februar. Då kjem det store transportar inn til byggjeområdet. - Klikk for stort bileteTorvald Gautland ber folk som skal bevege seg i området der nye Hovden badeland kjem, om å fylgje ekstra godt med tysdag 4.- og onsdag 5. februar. Då kjem det store transportar inn til byggjeområdet.

Det er den siste delen av taket til badeanlegget som no skal transporterast inn - og som dei fleste forstår er det snakk om store dimensjonar. Tysdag reknar ein med at det kjem ei stor mobilkran, medan det onsdag kjem takelement fordelt på kring 10 semitrailarar.

– Det er fint viss dei som ikkje må køyre bil i området desse to dagane, lar det vere. Viss ein må køyre bil, er det fint om ein parkerer litt unna området, seier Torvald Gautland i Bykle og Hovden Vekst AS.

Siste runde av slike dimensjonar

Transporten tysdag og onsdag er dei siste rundane med innkøyring av så store dimensjonar. Sjølvsagt skal det fraktast meir inn til byggjeområdet, men då blir det meir ein og annan lastebil med meir “vanlege” lass.