Tre UKM-utøvarar frå Bykle/Valle vidare til nasjonal mønstring i Trondheim!

Etter ei strålande UKM-mønstring på Hovden fekk tre lokale UKM-arar billett til fylkesfestivalen i Agder - alle tre skal no vidare til den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim 20.- 24. juni!

Flott UKM på Hovden. Bykle kommune

UKM i Bykle er utan tvil eitt av årets store høgdepunkt for barn og unge i Bykle og Valle – og årets arrangement vart nok ein gong ein stor suksess. Med heile 18 unge arrangørar som stod for både planlegging og gjennomføring, viste ungdommen i Bykle eit imponerande engasjement, ansvar og skaparglede. Utan dei hadde dette rett og slett ikkje vore mogleg. UKM er eit arrangement av barn og unge – for barn og unge, og det merkar ein godt. Publikum fekk oppleve heile 32 sceneinnslag, i tillegg til 11 kunstverk som synte både kreativitet, mot og høg kvalitet. Det er tydeleg at målretta arbeid over tid gir resultat.

Tre til fylkesfestivalen

I år vart tre musikkinnslag og tre kunstverk sende vidare til UKM fylkesfestival i Kristiansand. 13 ungdomar fekk vere med på ei helg fylt av kulturopplevingar, meistring, vennskap og mykje glede.  Sille Kjøstvedt gjekk vidare frå Kristiansand med kunst, og Artur Ivanchuk og William Prowse gjekk vidare med sitt musikkinnslag. Dei skal no representere Agder på UKM sin landsfestival i Trondheim!

Eit knippe UKM-arar på fylkesfestival i Kristiansand! Frå venstre: Casper Steine Thorstensen, Johan Sund Wintermark, Tomasz Matysik, Oline Østvold Haugsgjerd, Isak Egeland, Ingrid Alette Briksdal Bakke, Silje Breivegen, William Prowse, Tuva Lamark. Sille Kjøstvedt var også med, men ikkje til stades då biletet vart teke. Bykle kommune