To nye turnuskandidatar i sving i Bykle og Valle
Denne veka tok to nye såkalla Lis1 - turnuskandidatar, til i helseeininga i Bykle og Valle. Dei skal vere i arbeid her i seks månader.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.03.2026 12:53
Sist endra 03.03.2026 12:53
Denne veka tok to turnuskandidatar til i Bykle og Valle. Frå venstre: Mia Elida Larsen Ersdal, kommuneoverlege i Bykle og Valle, Benedicte Severinsen og Hannah Fennefoss Johnsgård.
Ole Birger Lien
Frå no og til 31. august er Hannah Fennefoss Johnsgård (26) i arbeid som turnuskandidat ved legekontoret i Valle, medan Mia Elida Larsen Ersdal (26) får sin arbeidsplass ved legekontora i Bykle og på Hovden. Den første arbeidsdagen deira gjekk med til ei omvisning med kommuneoverlege Benedicte Severinsen som “guide”.