Strålande nasjonaldagsfeiring i Bykle!

17. mai-festen i Bykle vart akkurat det alle håpa på - ei strålande feiring der store og små koste seg med alt frå is til folketog!

Mange var med på 17. mai-feiringa i Bykle. Helga Jacobsen

Eit tettpakka program venta i samfunnshuset 17. mai, med aktivitetar og leikar i skulegarden og ikkje minst matsal og drøs inne i samfunnshuset. Kulturprogrammet i kultursalen tok til klokka 14, med talar, underhaldning og prisutdeling. Sille Kjøstvedt heldt ungdomens tale, medan Ollie Rysstad tok seg av 17. mai-talen. 

Mangfald og glede

Med greitt og tidvis fint ver som ramme fekk ein verkeleg sjå mangfaldet boltre seg under feiringa i Bykle. Her var bygdefolk, innflyttarar, tilreisande og nye landsmenn samla til fest - og ein såg verkeleg kor sterkt fellesskapet står øvst i dalen! Ei flott markering av nasjonaldagen i Bykle kommune!

Korpsmusikken høyrer med! Helga Jacobsen Ordførar Hans Blattmann i 17. mai-stemning! Helga Jacobsen Sille Kjøstvedt heldt ungdomens tale under 17. mai-feiringa i Bykle. Helga Jacobsen