Stort behov for fosterheimar
Setesdal barnevern melder om same status med tanke på fosterheimar som elles rundt om i landet. Behovet er stort.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.07.2024 11:07
Sist endra 29.07.2024 11:07
Det er behov for fosterheim og annan hjelp i Setesdal barnevern som elles rundt om i landet.– Det er heller ikkje bare fosterheimar det er behov for. Avlastingsheimar, støttefamiliar, me treng mange ulike verkemiddel, seier leiar i Setesdal barnevern, Hedda Helene Schaanning.
Setesdal barnevern omfattar kommunane Bykle, Valle og Bygland, med Valle som vertskommune.
Håpar folk tar kontakt
Schaanning håpar dei som kan vere interesserte tar kontakt.
– Bare det å ta ein uformell og absolutt ikkje forpliktande prat kan vere nyttig. Eg er sikker på at det finst mange rundt om som kunne ha gjort ein innsats. Alle ynskjer jo at born og unge skal ha det bra, men diverre er det slik at i somme situasjonar så trengst det hjelp. Eg håpar alle med spørsmål tar kontakt, seier Hedda Helene Schaanning.
Setesdal barnevern kan ein nå via Valle kommune på tlf 37937500.